Er det kun meg her inne som har trua pÄ Archer?
FÄr fortsette monologen min her inntil det er andre som vaknar og ser casen
I dag er det kun tre dagar igjen til Q4-tala kjem, og dei veit me ut fra guidinga som kom 28.1.2021 at blir bra.
Ellers har KLXE, som Archer eig 11,1 % av, steget over 100 % sÄ langt i Är:
Argentina skal satse fleirfoldige miliardar pÄ Ä bli sjÞlvforsynt med naturgass, og her er Archer gjennom sitt datterselskap DLS Argentina ein av dei stÞrste aktÞrane.
Ei kanin som kan komme opp av hatten no relativt kjapt er ei eventuell forlenging av kontrakta som Archer har med Pan America, der ei eventuell utlÞysing av opsjon pÄ to nye Är skulle utgjere sÄnn ca 3 miliardar kroner, ref innlegget over. Hovudkontrakten gÄr ut i mai 2021.
SÄg i dag at Equinor skal stenge ned oljefeltet Veslefrikk, og her trengs det vel ogsÄ nokon som kan plugge brÞnnane fÞr dei forlater staden. Kan fort bli Archer som fÄr denne jobben ogsÄ, sjÞlv om dette berre er pÄ spekulasjonsstadiet.
Selskapet har ein hyggeleg backlogg av kontraktar som sikrar inntekter i mange Är framover. Her er mitt eige rekneark som mÄ tas med ein real dose salt. Sikkert feil og manglar her, men gir i alle fall eit rÞft bilde av korleis stÄa er.
Og det beste av alt er at dette selskapet kun har ein market cap pÄ 663 mill og kun 147 millioner aksjer utstedt. Med stigande oljepris er dette caset ein nobrainer i mine auger, men det er tydelegvis ikkje sÄ mange her inne som deler min oppfatning med tanke pÄ interessa.