• Fjord1 har heile tida vore i trygg, ansvarleg drift under Covid-19-krisa. Selskapet har teke godt vare på tryggleiken til dei tilsette, kundar og leverandørar, og samstundes innfridd pliktene sine som leverandør av samfunnskritisk transport i kyst-Noreg.
• Inntekta i tredje kvartal kom på til saman 789 millionar NOK. Denne auken på 12 prosent i forhold til same kvartal i fjor skuldast dei nye kontraktane som starta opp 1. januar 2020.
• I tredje kvartal kom EBITDA på totalt 338 millionar NOK – ein auke på 21 prosent i forhold til same periode i fjor – og EBITDA-marginen gjekk opp frå 39 til 43 prosent. Årsaka er lågare drivstoff- og driftskostnadene for dei elektriske fartøya.
…
Vis børsmeldingen
• Auken i driftsresultat (EBIT) med 7 prosent til 194 millionar NOK skuldast høgare avskrivingar som følgje av investeringar i flåtefornyingsprogrammet og infrastruktur.
• MS Stangvikfjord blei i tredje kvartal levert som det siste av i alt 25 fartøy, og dette markerer slutten på flåtefornyingsprogrammet som har gått over dei siste fire åra. Investeringane i tredje kvartal utgjorde totalt 281 millionar NOK. Til saman blei det motteke 28 millionar NOK i NOx-støtte i kvartalet. Investeringane i dei første ni månadene av 2020 kom på totalt 1 325 millionar NOK. Dei resterande kapitalforpliktingane for fjerde kvartal av 2020 er 217 millionar NOK. Desse er primært knytte til investeringar i landbasert infrastruktur.
• Netto renteberande gjeld (NIBD) låg per 30. september på 5 768 millionar NOK – 78 millionar NOK mindre enn ved utgangen av andre kvartal.
• Inntekta i dei første ni månadene kom på 2 292 millionar NOK, som er ein auke på 13 prosent i forhold til same periode i fjor. EBITDA auka med 18 prosent til 776 millionar, og EBITDA-marginen steig frå 32 til 34 prosent. Fjord1 ventar, som tidlegare nemnt, ein generell inntektsauke på 10–15 prosent i 2020 frå kontraktane som starta opp i byrjinga av året.
• Porteføljen av langtidskontraktar, har ein verdi på 23,7 milliardar NOK, kombinert med lovande langtidsutsikter innanfor økoturisme, gir eit solid grunnlag for vidare utvikling av Fjord1.
«2020 er for Fjord1 eit oppstartsår med auka kapasitet, oppstart av fleire nye ferjekontraktar, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av flåten. Ved utgangen av året vil elektrisitet stå for rundt 40 prosent av drivstoffblandinga, og dette gjer Fjord1 til ein av dei mest miljøvennlege ferjeoperatørane på verdsbasis. Vi reknar i år med ein inntektsvekst på 10–15 prosent, og føler at porteføljen vår av langtidskontraktar, til ein verdi av 23,7 milliardar NOK, kombinert med lovande langtidsutsikter innanfor økoturisme, gir oss eit solid grunnlag for vidare utvikling», seier administrerande direktør hos Fjord1, Dagfinn Neteland.
Framtidsutsikter
Fjord1 trur at det også i framtida vil vere stort behov for trygg, miljøvennleg og påliteleg transport i kystregionane. Fjord1 vurderer kontinuerleg nye anbod og andre mogelegheiter både i og utanfor Noreg. Fjord1 har ein sterk kontraktsportefølje ut 2033 verd 23,7 milliardar NOK – opsjonar og indeksregulering ikkje medrekna – som gir ei solid plattform for lønnsam vekst.
Som tidlegare nemnt vil inntektsauken på 10–15 prosent som selskapet ventar å sjå frå 2019 til 2020, i hovudsak vere knytt til dei nye ferjesambanda som starta opp 1. januar 2020. Dei første ni månadene i år har inntekta gått opp 13 prosent. Fullføringa av ny infrastruktur knytt til nye og oppgraderte fartøy har gitt ei gradvis forbetring av EBITDA-marginen.
Netto renteberande gjeld er venta å falle i komande kvartal grunna positiv kontantstraum frå driftsaktivitetar, lågare investeringar og sal av infrastrukturaktiva.
Administrerande direktør Dagfinn Neteland vil halde ein webcast i dag kl. 09.00, der det etterpå blir høve til å stille spørsmål. Følg denne linken for å ta del i webcasten: https://streams.eventcdn.net/fjord/2020q3/
Kontaktar
Dagfinn Neteland, adm. dir.,
Fjord1 ASA
dagfinn.neteland@fjord1.no
+47 913 71 071
eller
Anne-Mari Sundal Bøe,
økonomi- og finansdirektør,
Fjord1 ASA
anne.mari.sundal.boe@fjord1.no
+47 902 78 906
Kilde