• Fjord1 har halde fram med trygg og ansvarleg drift under heile koronapandemien, og har oppfylt ansvaret som leverandør av kritisk transportinfrastruktur i kyst-Noreg
• Inntekta i fjerde kvartal kom på 826 millionar NOK. Det er ein auke på 20 prosent i forhold til same kvartal året før, og er eit resultat av dei nye kontraktane som starta opp 1. januar 2020, og justering av ferjeindeksen i fjerde kvartal
• EBITDA kom på totalt 266 millionar NOK i fjerde kvartal, noko som er ein auke på 67 prosent i forhold til same periode året før. Samstundes auka EBITDA-marginen frå 23 til 32 prosent. Årsaka til dette er lågare driftskostnader for dei elektriske ferjene
…
Vis børsmeldingen
• Inntektene for heile 2020 var 3 118 millionar NOK. Det er 14 prosent meir enn omsetning ved utgangen av 2019. EBITDA auka med 27 prosent til 1 042 millionar NOK, og EBITDA-marginen steig frå 30 til 33 prosent
• I fjerde kvartal var investeringane på 103 millionar NOK, og det vart motteke 31 millionar NOK i NOx-kompensasjon. For heile 2020 var investeringane på 1 428 millionar NOK
• Netto renteberande gjeld (NIBD) låg per 31. desember på 5 503 millionar NOK – 265 millionar NOK mindre enn ved utgangen av tredje kvartal
• Porteføljen av langtidskontraktar, til ein verdi av 24,1 milliardar NOK, kombinert med lovande langtidsutsikter innanfor turisme, gir eit solid grunnlag for vidare utvikling av Fjord1.
«Vi leverte forventa inntektsauke i 2020, og dei nye elektriske fartøya våre gir lågare driftskostnader og auka EBITDA-marginar. Flåtefornyinga har gjort oss til eitt av dei mest miljøvennlege ferjeselskapa i verda, og elektrisitet utgjer no 40 prosent av drivstoffbruken vår. Vi har ein langtidsportefølje av kontraktar verd 24,1 milliardar NOK, og ser stadig etter nye moglegheiter for berekraftig vekst.», seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.
Framtidsutsikter
Fjord1 trur at det også i framtida vil vere stort behov for trygg, miljøvennleg og påliteleg transport i kystregionane. Vi vurderer kontinuerleg nye anbod og andre moglegheiter både i og utanfor Noreg. Selskapet sin kontraktsportefølje, til ein verdi av 24,1 milliardar NOK – opsjonar og indeksregulering ikkje medrekna – gjeld ut 2033, og gir ei solid plattform for lønnsam vekst.
Det var venta at nye ferjeruter ville generere ein inntektsauke på 10–15 prosent i 2020, og selskapet avslutta året med ein inntektsauke på 14 prosent. Nye og oppgraderte fartøy førte også til forbetra EBITDA-marginar, medan tilsvarande høgare avskrivingar genererte stabile EBIT-marginar for heile 2020.
Det er venta ein meir moderat inntektsauke i 2021, der kostnadsforbetringar framleis er med på å oppretthalde driftsmarginane. Netto renteberande gjeld vil bli redusert som eit resultat av positiv kontantstraum frå driftsaktivitetar, lågare investeringar og sal av infrastrukturaktiva. Det vil igjen føre til auka forteneste før skatt, og auka nettoforteneste.
Administrerande direktør Dagfinn Neteland vil halde ein nettpresentasjon i dag kl. 09.00, der det etterpå blir høve til å stille spørsmål. Bruk lenkja under for å ta del i presentasjonen:
https://streams.eventcdn.net/fjord/2020q4/
Kontaktar
Dagfinn Neteland, adm. dir. Fjord1 ASA
dagfinn.neteland@fjord1.no
+47 913 71 071
Eller
Anne-Mari Sundal Bøe, økonomi- og finansdirektør, Fjord1 ASA
anne.mari.sundal.boe@fjord1.no
+47 902 78 906
Om Fjord1
I Fjord1 har vi som mål å vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport for kundane, oppdragsgjevarane og samarbeidspartnarane våre. Fjord1 er ein leiande aktør på den norske ferjemarknaden og har over 80 ferjer. I tillegg til passasjerbåttenester driv selskapet verksemd innanfor catering og turisme.
Les meir på www.fjord1.no
Kilde