Diskusjon Triggere Porteføljer Aksjonærlister

Hyzone Motors Inc

Lager ein ny tråd om Hyzone Motors Inc som nyleg gjekk på børs via Spac (dcrb).

I mine auger eit spennande case for dei som trur på hydrogen innan “heavy duty segmentet”. Selskapet har jobba med å produsere brenselceller sidan 2003 og har i motsetning til Nikola og andre nyare aktører allereie bilar på vegen både i USA, Asia og Europa. Dei fokuserer på kjerneteknologien sjølv og brukar etablerte aktører innan bilindustrien til å produsere meir “mainstream” delar.

Merger gjekk gjennom i juli 2021 og aksjekursen er sendt ned over 30 % sidan då. Eg har plukka opp ein lyttepost her og har trua på at selskapet vil ta sin del av kaka framover. CEO Craig Knight framstår som ein kunnskapsrik og driftig type og selskapet har fornuftige vekstambisjonar.

Vil anbefale eventuelt interesserte å sjå intervjuet med Trailblazer kor CEO gir eit godt innblikk i historikken til selskapet, korleis dei jobbar i dag og framtidsutsikter.

Hyzn-aksjen bunnet ut rundt 6 usd og har dei siste dagane henta seg litt inn igjen. I går slutta aksjen på 8 usd. Denne kan vera grei å ha på lista over interessante aksjar utover hausten trur eg. Fokuset på avkarbonisering av transportsektoren blir vel ikkje mindre etter klimarapporten som kom i går og Biden sin plan for elektrifisering av amerikansk bilindustri.

Hyzone Motors Inc satsar på at “fuel-cells” vil vera ein del av løysinga når det gjeld tyngre applikasjonar som buss, tungtransport, tankbilar, søppelbilar og typisk applikasjonar som jobbar ut fra ein base. Selskapet leverer allereie bilar til marknaden i Europa/Asia/Australia, og skal etter planen starte produksjon i USA inneverande år. Her er det med andre ord ikkje snakk om eit selskap som skal levere bilar om nokre år. Dei henta pengar for å skalere opp/auke produksjonen av bilar som er bestilt av reelle kundar. Blir spennande å sjå om det kjem meir nyheter no ved Q2-presentasjonen i morgon norsk tid.

https://www.nasdaq.com/articles/why-hyzon-motors-stock-is-higher-today-2021-08-09

Kortversjon av Q2-rapporten her:

Får ein del publisitet for tida:
https://fuelcellsworks.com/news/hyzon motors-to-provide-hydrogen-powered-fuel-cell-heavy-truck-for-commercial-vehicle-trial-with-total-transportation-services-in-california/

Positiv analyse som løfta aksjen litt i dag:

Får bra med publisitet for tida. Aksjekursen har også henta seg fint inn til tross for litt surt ESG-klima.

Ingenting å seia på ambisjonsnivået:

Denne kom no i kveld:

Får stadig meir merksemd:

Ikkje direkte relatert til Hyzon, men meir bransjen generelt.

Ny analyse på Hyzn fra Wedbush Securities:

Target 15 USD

Kjem stadig gode nyheter her:

Sjølv når børsen er stengt over dammen kjem det gode nyheter fra Hyzone Motors:

JP Morgan tar opp dekning:

ca 10 $ høgare enn gårsdagens close.

Både bjelleklang på Nasdaq i dag og litt gromme nyheter samstundes. Litt merksemd er jo vel og bra:

Fulgt oppdateringene dine en stund på denne tråden nå Kallep, men har ikke tatt en inngang enda. Mulig det blir i dag, takk for infoen du har gravd opp :ok_hand:

1 Like

Veldig spennande selskap som har eit stort potensiale. Er jo litt som Nikola men skilnaden er at dei produserer fuelcells sjølv og leverer bilar i dag (og ikkje om mange år). Har også ein veldig nøktern og god ledelse med solid erfaring fra bransjen. Om du er interessert så har selskapet ein god presentasjon på heimesida.

Fokuset dei har på “back to base operations” løyser også på mange måter “høna og egget” problemstillinga. Kundane deira treng ein stasjon og ikkje eit stort nettverk. Nettverket kjem jo etter kvart som fleire kundar går over på hydrogen.

Ble en fin inngang dette må jeg si! :ok_hand: