Ser ut som FHI mener at epidemien varer fram til høsten;
Slik ser ein føre seg korona-utviklinga og tiltak
I eit brev FHI har sendt ut til kommunelegane og Fylkesmenn i landet står det at ein ventar at hovudbølgja av korona-pandemien vil slå til i deler av landet om nokre dagar eller få veker.
Publisert: 23.03.2020 10:43 Sist oppdatert: 11:08
– Me er no i ein fase med klyngjer av innanlands smitte nokre stader i landet og nokre tilfelle som me ikkje kan spora tilbake til utlandet eller kjente smittekjelder i Norge. Me trur dette vil vara nokre dagar eller få veker til før hovudbølgja byrjar for alvor i nokre delar av landet. Deretter vil epidemien treffa heile landet, og i løpet av mange veker òg nå ein topp og så gå tilbake, kanskje utpå hausten eller vinteren ein gang. Då vil ein stor del av befolkninga ha gått gjennom sjukdommen, skriv FHI i brevet.
[
Les også
Høie: Koronatiltaka blir truleg oppdaterte tysdag ](https://www.sunnhordland.no/nyhende/hoie-koronatiltaka-blir-truleg-oppdaterte-tysdag/)
14 prosent sjuke
FHI har bedt helsetenestene planleggja for at 14 prosent av befolkninga (733.000 personar) blir sjuke, og at 22.000 av dei vil trenga sjukehusbehandling, og 5.500 trengja intensivbehandling.
I brevet, som er datert 19. mars, skriv ein at ein no veit at det er smitte ute i samfunnet. Når det gjeld smitteoppsporing og oppfølging av kontaktar, er det eit veldig viktig tiltak i tidleg fase for å bremsa utbrotet, men vil vera av mindre betyding seinare.
– Me veit at dette er svært ressurskrevjande og me vurderer fortløpande kor lenge dette arbeidet skal gå føre seg. Me har no stoppa med smittesporing på fly, skriv FHI.
FASER: FHI har laga denne oversikten av fasar og tiltak. ILLUSTRASJON: FHI
Målretta innsats
FHI oppfordrar også kommunelegane til å ha målretta innsats i ein situasjon der arbeidsoppgåvene kan bli overveldande.
– Dersom det er nokre av våre råd som blir for arbeidskrevjande å følgja til punkt og prikke, gjer det viktigaste først, og prioriter dei mest sårbare gruppene! Til dømes dersom du ikkje kan følgja opp alle kontaktar, prioriter dei næraste, og dersom du ikkje kan følgja opp alle, prioriter dei som er åleine og i isolering i heimen, står det i brevet.
[
Les også
Ber folk respektera fotball-forbod ](https://www.sunnhordland.no/nyhende/ber-folk-respektera-fotball-forbod/)
Her blir også kommunane oppfordra til å ikkje bidra med ugrunna tiltak.
– Innreisereglar og karantene mellom kommunar og landsdelar blir sett på som å ha liten effekt på smittespreiinga i Norge no, skriv FHI, som også oppmodar om å unngå til stigmatisering.
– Smittefrykt kan vera ei sterk kraft. Det er viktig at me no alle bidreg til at ikkje enkeltpersonar eller grupper blir stigmatisert, står det i brevet.