NAUSTDAL: – Ein draumejobb, sa Thomas Addison, då han vart tilsett som direktør for Engebøgruva. To år etter har han sagt opp.
DEL
– Eg fekk eit anna jobbtilbod som var bra, og som er litt meir internasjonalt. Det ligg ingen dramatikk i dette, seier mannen som frå februar 2016 og fram til i desember i fjor hadde jobben som dagleg leiar i Nordic Rutile AS – dotterselskapet til Nordic Mining som skal drive gruvedrift i Engebøfjellet.
Addison skal no over i eit sveitsisk gruveselskap og jobbe i heile Norden, som Head of mining Northern Europe for OMYA-gruppen. Han tek til i den nye stillinga 1. februar, på dagen to år etter at han starta som sjef for utviklinga og drifta av Engebøgruva.


nå gjelder det bare å treffe toppene med salg 