Firda ( lokalavisa som dekker Naustdal)
VEVRING: Naive bygdefolk som satsar sine slunkne sparepengar? Blant grunneigarane som no utfordrar Nordic Mining til gruvekamp, finn vi ein av fylkets rikaste personar.
DEL
Åse Marie Helgheim Thingnes var suverent nummer éin på formuestoppen i Naustdal i 2016-likninga som vart offentleggjort i fjor haust. Ifølgje skattelistene, hadde ho i 2016 ein formue på 302 millionar kroner, noko som plasserte henne som den femte rikaste i Sogn og Fjordane dette året.
Selskapet hennar, Seriva AS, stod i 2016 oppført med nær 373 mill. kr i eigedelar. Det er 24 mill. kr under den marknadsverdien Nordic Mining tysdag hadde på Oslo Børs, og klart meir enn marknadsverdien Nordic Mining hadde då aksjekursen var på det lågaste i slutten av april, i dagane etter at Arctic Mineral Resources (AMR) offentleggjorde sine gruveplanar i Engebøfjellet.
Ingen investorplanar
Men Thingnes har ikkje gått inn med si kapitaltyngde i det nye selskapet, og har heller ikkje planar om det. Dette stadfestar ho på spørsmål frå Firda.
– Det er ikkje aktuelt. Det er ikkje noko eg har tenkt på, og eg har ikkje planar om å gå inn som investor. Gruveselskapa som Arctic Mineral Resources samarbeider med, har musklar nok, seier Thingnes.
– Men korleis kjennest det å vite at du har ei finansiell tyngde som nesten svarar til heile børsverdien til Nordic Mining?
– Eg er ein beskjeden person, og dette har eg ingen kommentar til. Mi rolle i denne saka har vore som grunneigar og innbyggar, ikkje som investor. Det viktigaste for oss har ikkje vore økonomi, men miljøet; det å unngå fjorddeponiet, seier ho.
LES OGSÅ
Vevring-grunneigarane: – Vi er glade og letta. Det nye gruvealternativet kom som manna frå himmelen
Fekk del av nærings-imperium
Åse Marie Helgheim Thingnes bur saman med mannen Stian på eit småbruk i Vevring, og har engasjert seg i Naturvernforbundet og i Vevring og Førdefjorden miljøgruppe. Ho er dotter til Ivar Helgheim, mannen som bygde opp Dr Furst medisinske laboratorium i Oslo, og som vart fylkets i særklasse rikaste innbyggar då han for nokre år sidan flytta heim til Jølster.
I 2014 fordelte Helgheim livsverket sitt på dei tre borna sine. Åse Marie Helgheim Thingnes etablerte då selskapet Seriva, som to år etter hadde nær 373 mill. kr i eigedelar, ein bokført eigenkapital på 367,5 mill. kr, og eit resultat før skatt på 5,2 mill. kr. Gjennom Seriva har Thingnes 15 prosent eigarskap i Dr Furst, farens livsverk. Ho har også styreverv i mellom anna Skei Hotel AS og Førde Hotell AS.
Naturen, miljøet, fjorden
Thingnes har i fleire år vore engasjert i motstanden mot Nordic Minings planlagde sjødeponi i Førdefjorden. Som dåverande styremedlem i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane var ho m.a. med på landsmøtet der Naturvernforbundet i 2009 bestemte seg for å arbeide mot gruveplanane i Engebøfjellet. 380 millionar tonn masse skulle etter planen takast i jakta på mineralet rutil, og mesteparten av massane skulle leggast på fjordbotnen som avfall. Seinare har Nordic Minings prosjekt endra karakter, og dette er bakgrunnen for at Arctic Mineral Resources har meldt seg som utfordrar og konkurrent, med eit prosjekt som ikkje legg opp til sjødeponi eller dagbrot.
AMR skal om ikkje lenge møte politikarane i Naustdal og orientere dei om prosjektet sitt.
I 2010 målbar Thingnes haldninga si i eit intervju med Naturvernforbundets nettmagasin Natur & Miljø:
– Vi har kome så langt at gruveselskapa ikkje bør få bruke fjordane som avfallsplass. Skal ein bruke dei norske fjordane, kåra til verdas beste reisemål, til dumping? Reiselivsaktørar støttar oss, det same gjer fiskeri- og havbruksnæringa


️

