Direktoratet: – Ikkje gitt kven som får drive gruve
NYHEITER NAUSTDAL NÆRINGSLIV GRUVEPROSJEKT ARCTIC MINERAL RESOURCES
KAMPEN OM FJELLET: Både Nordic Mining og Arctic Mineral Resources har på kvar sin måte rett etter lova. Alt endar opp i ei heilskapsvurdering hos Direktoratet for mineralforvaltning.
KAMPEN OM FJELLET: Både Nordic Mining og Arctic Mineral Resources har på kvar sin måte rett etter lova. Alt endar opp i ei heilskapsvurdering hos Direktoratet for mineralforvaltning. Foto: Bent Are Iversen
Av Frode Grimelid
Publisert:08. juli 2018, kl. 17:08
NAUSTDAL: At den gjeldande planen er laga av Nordic Minining, er ifølge direktoratet ikkje til ulempe for Arctic Mineral Resources.
DEL
– Vi står fremst i køen til å drive gruvedrift i Engebøfjellet, seier Tore Viana-Rønningen i Arctic Mineral Resources (AMR).
– Vi har retten til statens mineral og kan ekspropriere grunneigarane sine, seier Ivar S. Fossum i Nordic Mining (NOM).
Usemje om lovtolkingar gjer det vanskeleg å seie kven som har rett. Er NOM sikra å få utvinningsretten, eller kan utfordraren AMR ta innersvingen på dei no i innspurten?
Til slutt er det Direktoratet for mineralforvaltning (DMF) som skal ta den endelege avgjerda om kven som får driftskonsesjon. Kven kan søke eit slikt løyve til å drive?
– Den som har utvinningsrett til førekomsten kan søke driftskonsesjon etter minerallova, seier Gunn Kristin Haukdal, seniorrådgjevar i DMF.
Begge har kvar sin rett
DMF svarar Firda på e-post, og er lite villige til å gje eintydige svar. Vi prøver likevel. Lat oss først få på plass dette med utvinningsrett.
Nordic Mining har undersøkingsrett til statens mineral i området, og derfor også utvinningsrett til rutil. Etter lova har dei då også rett til å vinne ut granat ved å gjere avtale med grunneigarane.
Og ja, dei kan ekspropriere granaten dersom det ikkje er mogleg å komme fram til ein slik avtale. Nordic Mining har no avtale på austsida av fjellet.
Kva så med AMR? Grunneigarane har automatisk både undersøkings- og utvinningsrett til det staten definerer som grunneigars mineral. Granat er eit slikt mineral. Kan grunneigarane velje å gje denne retten til AMR, slik grunneigarane på vestsida av fjellet har gjort? Ja, svarar direktoratet:
– Undersøkings- og utvinningsrett til grunneigars mineral krev avtale med grunneigar, og er eit privatrettsleg forhold.
Avtalen mellom AMR og grunneigarane sikrar altså AMR ein utvinningsrett. Spørsmålet er om det er på lik linje med Nordic Mining som er registrert med alle rettane i dag. På dette er det ikkje mogleg å få noko klart svar frå direktoratet:
– Lova regulerer ikkje spørsmålet om kven som skal tildelast driftskonsesjon i eit område der det er fleire søkarar på høvesvis statens og grunneigars mineral. Spørsmålet om kven som skal få driftskonsesjon blir avgjort av DMF, basert på ei heilskapsvurdering, skriv Haukdal.
Saka held fram under kartet
RETT: Nordic Rutile AS er registrert med utvinningsrett for alle dei brune firkantane på kartet. Reguleringsplanen er dei tynne svarte stipla linjene (kommunegrensene er dei tjukke).
RETT: Nordic Rutile AS er registrert med utvinningsrett for alle dei brune firkantane på kartet. Reguleringsplanen er dei tynne svarte stipla linjene (kommunegrensene er dei tjukke). Foto: Direktoratet for mineralforvaltning
Reguleringsplan ikkje avgjerande
Ordet heilskapsvurdering går igjen i DMF sine svar. Eit slikt ord gir ingen klare svar. Firda prøver derfor utelukkingsmetoden. Nordic Mining har lagt ned mykje pengar og arbeid i å lage og få godkjent ein reguleringsplan for området. Har dette noko å seie for kven som får driftskonsesjon?
Nei, svarar direktoratet, alle med utvinningsrett kan søke.
– Dette gjeld uavhengig av kven som har utarbeida reguleringsplanen, skriv Haukdal.
Det står også i lova at det ikkje kan delast fleire utvinningsrettar på same område, men kva definerer eit område?
– Krava til utvinningsområdet følger av forskrift til minerallova § 1–6. Utvinningsområdet skal vere ein rettvinkla firkant med mindre særlege årsaker tilseier ei anna form. Utvinningsområdet kan ikkje ha fleire enn fire hjørnepunkt. I grunnen er grensene for utvinningsområdet loddrette. Utvinningsområdet skal ikkje vere større enn nødvendig for å dekke den sannsynlege utstrekninga av førekomsten. Området skal ikkje vere større enn 1 km². Utvinningsområdet blir definert i tildeling av utvinningsrett etter minerallova § 29, skriv Haukdal.
– Kan ein ha to sjølvstendige område ved sidan av kvarandre?
– Ein kan ha to sjølvstendige utvinningsområde ved sidan av kvarandre, skriv Haukdal.
Må gjerast ei heilskapsvurdering
Direktoratet skriv at lova ikkje regulerer spørsmålet om kven som skal tildelast driftskonsesjon i eit område der det er fleire søkarar på høvesvis statens og grunneigars mineral, og at dette blir avgjort ut frå ei heilskapsvurdering.
AMR har tidlegare uttalt i Firda at § 32 i minerallova gir grunneigar førsteretten om grunneigars mineral, altså granat, er drivverdig i seg sjølv.
– Når det gjeld vurderingane knytt til minerallova § 32, inngår det i DMFs heilskapsvurdering i saksbehandlinga av ein eventuell søknad som driftskonsesjon, er igjen svaret frå DMF.
– Kva skal denne heilskapsvurderinga ta føre seg?
– I DMFs handsaming av søknad om driftskonsesjon, blir det mellom anna vurdert kor skikka søkaren er. Det inkluderer den økonomiske gjennomførbarheita til prosjektet, søkaren sin kompetanse og om det leggast opp til bergfagleg forsvarleg drift. DMF skal også vurdere prosjektet opp mot ulike samfunnsomsyn, etter reglane i minerallova, skriv Haukdal.
Lova har berre ei generell formulering om samfunnsomsyn:
«Formålet med loven er å fremme og sikre samfunnsmessig forsvarlig forvaltning og bruk av mineralressursene i samsvar med prinsippet om en bærekraftig utvikling.»
Tema som skal drøftast er verdiskaping og næringsutvikling, omgjevnadane og nærliggande område under drifta (til dømes butilhøve i Vevring), miljømessig konsekvensar av utvinninga, og langsiktig planlegging for etterbruk eller tilbakeføring av området.
Svarar ikkje på vippespørsmål
AMR har sagt at dei er redde for at NOM skal sette i gang tiltak som kan vippe heilskapsvurderinga. Slike tiltak kan til dømes vere bygningar og infrastruktur.
– Kan ein sette i gang slike tiltak utan driftskonsesjon?
Ja, svarar direktoratet:
– Bygging av infrastruktur og bygningar krev løyve frå anna lovverk, mellom anna plan- og bygningsloven, så lenge det ikkje er tildelt driftskonsesjon frå DMF.
Noko skikkeleg svar på om slike tiltak kan påverke heilskapsvurderinga kjem det ikkje frå direktoratet.
Konklusjonen må bli at alt er ope fram til Direktoratet for mineralforvaltning har fått begge søknadane på bordet.