Blir jo spennande å sjå om Almås kan dra ei kanin eller to ut av hatten på møtet no kl 13.
Ei melding om første innrullerte pasient i SBE-studien i Danmark hadde jo vore flott. Uansett så får me sikkert meir info om oppkjøpet i Ose Water og korleis dette er finansiert.
Skal vel godt gjerast å snakke ned kursen meir når me allereie før møtet er ned 8 %
Eg har trua på at desinfeksjon kan bli ein bidragsyter økonomisk etter kvart, spesielt om dei får nokre kundar med litt volum. I så måte er jo helsesektoren bra, men eg er også litt spent på om forsvaret kan bli ein storkunde her.