Tydeleg at garantistane kjem til å få seg litt aksjar her… Og mange er tydeleg vis redde for at desse skal dumpast rett i marknaden. Kor reelt er dette? Kvifor stiller dei som garantist for aksjar til 1,72/stk om dei ikkje var fornøgd med å få aksjar til den prisen? Du kan sikkert argumentere med at dei har fått 14M og dermed ikkje bryr seg om aksjen, men det er ei betaling dei har fått for å sikre at dei ikkje skal gå tomhendt etter å ha tatt på seg risiko, i tilfelle dei ikkje skulle få aksjar til rabbatert pris… Dei har såleis ingen grunn til å dumpe akjsar utan vidare, når dei sjølv meinar dette er ein god pris. Og det vil dermed vere sentimentet rundt TRVX når aksjane er kome på konto, som vil bestemme kva dei gjer. Og per no ligger den stabilt rundt 1,85-1,9 etter å ha fått rikeleg med juling. (Samanlign verdi på selskapet før og etter offentleggjering av emisjon)
Men greitt nok… Om dei skulle dumpe aksjane dei får (og kor mange får dei?)…
Om vi tenkjer dei får 30% av aksjane tilsvara dette 30,5M stk. Desse kan dei selle med ein gjennomsnittpris på 1,26 å likavel vere breakeven. Jo fleire aksjar dei får, jå høgre må aksjeprisen vere for at dei skal vere breakeven. Med dagleg volum på 1M - 3M vil det ta langt tid å selle seg ut, om dei ikkje skal rasere prisen, både til skade for seg sjølv og andre. Tenkjer dermed det er meir sannsnyleg at desse aksjane kjem til å ligge som eit lokk på kursen, en å rasere den.