Diskusjon Triggere Porteføljer Aksjonærlister

Tekinvestor Kaffideal

les lenger oppe i tråden :slight_smile: Tidlegast 2019.

Kunne dog trengt 50-100k i privat lån - voksesmerter i form av likviditetsutfordringar fram til jul :slight_smile:

3 Likes

Hadde blitt episke generalforsamlinger. Eksklusiv kaffekarsk :coffee:

1 Like

Kunne tatt det samtidig med Tekinvest Julebord :stuck_out_tongue:

5 Likes

Du får kjøre en emisjon nå, så du klarer deg frem til emisjonen. Det er nok en del her som vil støtte deg

1 Like

“lite kaffebrenneri i en bortgjemt dal tegner emisjon på 200MNOK. Storfornøyd Adm.Dir @lassar smilte fra øre til øre da han kom ut fra hybelleiligheten sin idag morges etter at papirene var signert. “Dette betyr rosa flamingoer på alle ansatte!” proklamerte han høyt.”

12 Likes

ahhahaahaahhah.

DU er hvertfall ansatt om du vil! :smiley:

2 Likes

Ledige styreverv!

Alt kan ordnas!

1 Like

6 Likes

Premium abb bestilt… Så får me sjå om du utkonkurrerer Talor&Jørgen :wink:

1 Like

Ah, det var deg!
Er ikkje så godt kjent med T&J sin stil - men tipper der er litt lysare enn det eg gjer vanleg vis :slight_smile:

Denne månaden er det NRF konkurransekaffi som går ut:)

Spanande, eg gler meg! :slight_smile:

Ja, T&J er litt ljose i stilen… strengt tatt litt keisame for min smak, men kvaliteten er bra. Så no ser eg fram til kaffi-impulsar frå Sogn :grin:

1 Like

Vel - Full natural pacamara frå Guatemala, 5. beste kaffien frå Guatemala i år.
Er ein spesiell kaffi, ALT anna enn kjedeleg :slight_smile:

2 Likes

Var eit par lange masker i Oslo i helga kan du sei. Ingen hadde forventa det her. Blei først #2 kun 0.3 poeng bak vinnaren - fekk beskjed i dag tidleg om at det blei endringar i redultatet pga teknisk feil - havna så på 3.

Fine dagar, fiiiine dagar i Sogn!

17 Likes

Whataballer

SOGNDAL/ASKVOLL: Kjetil Russenes sitt nystarta Sognefjord Kaffibrenneri hevda seg i «Nordic Roaster Forum» sin konkurranse.

DEL

– Eg har jo ikkje halde på så lenge, så å prestere så bra i ein så vanskeleg konkurranse, det er berre flott, seier Kjetil Russenes, som kjem frå Askvoll, men bur i Sogndal.

Han starta opp Sognefjord Kaffibrenneri på sommaren i 2017, og ser allereie ut til å skape seg eit namn. Førre helg deltok Russenes på konferansen Nordic Roaster Forum i Oslo.

Konkurrerte med veteranar - fekk 3. plass

På konferansen samlast kaffibrennarar frå heile verda til foredrag, diskusjonar og ein kaffibrenningskonkurranse kor bransjefolk sit som jury.

Konkurransen var delt i to kategoriar: Ein der deltakarane skulle lage kaffi frå eit tilsendt produkt som var likt for alle, og ein kategori der dei valde kaffien sjølv.

Sognefjord kaffibrenneri hamna på tredjeplass blant dei ti deltakarane, berre slått av den prisvinnande Tim Wendelboe og Oslo-brenneriet Kaffa. Begge dei sistnemnde har halde på i årevis.

– Det er kult at eg lagar kaffi som bransjen tydelegvis synest er skikkeleg bra, seier Russenes.

Sidan oppstarten i fjor, har Russenes jobba lange dagar med kaffien sin på fulltid. Han seier produkta hans har nådd alt frå kaffibarar til hotell, netthandel og kontormarknaden.

I sommar landa han avtale med Coop vest om å selje kaffi i ti utvalde butikkar med lokalmatavdeling.

Les meir om brenneriet til Kjetil Russenes her:

[

LES OGSÅ

Kjetil (26) drakk kaffi ved leirbålet då han fekk ideen om å starte eige kaffibrenneri

](https://www.firda.no/nyheiter/naringsliv/forde/kjetil-26-drakk-kaffi-ved-leirbalet-da-han-fekk-ideen-om-a-starte-eige-kaffibrenneri/s/5-15-490180)

Ikkje løn til å leve av

Russenes seier han har brukt mykje tid på reising, kurs og læring det siste året, for å skaffe seg mest mogleg kunnskap om kaffi. Han seier han jobbar langt utover ei fulltidsstilling.

– Eg har ikkje ei løn eg lever av per i dag, men trur eg kjem til å få det. Det kostar å vere kar. Ein kan ikkje forvente å starte opp ei bedrift i ein slik bransje og leve av det frå dag éin.

– Det ville vore imponerande.

– Då hadde det vore for lett. Dette er eit tolmodsspørsmål. Men det går jo riktig veg. Eg får nye kundar og beheld gamle, seier Russenes.

25 Likes

Kult @lassar!:+1::clap:

1 Like

Ballar på seg no :slight_smile: Radio i morgon tidleg, 3 innslag mellom 8 og 9 (med mindre det blir jordras/flomsending…)

Godt å få litt meir merksemd - ting går veldig mykje lettare når det er litt “snakkis” på bygda :smiley:

14 Likes

Det er jo tipp-topp med masse gratisreklame :slight_smile:

1 Like

Liker godt måten du jobber hardt på og bygger sten for sten (eller bønne for bønne), @lassar
Gleder meg virkerlig til å følge med på fortsettelsen. Heier på deg! :clap: :slightly_smiling_face:

5 Likes