@Multiple
Rett skal være rett. Da bør man ikke fuske når det gjelder historiske referanser.
Utdrag fra AKP (m-l) sitt prinsipprogram fra 1980:
"e) Sovjet i dag - den farlegaste supermakta
I 50-åra tok borgerskapet i Sovjet makta gjennom ein kontrarevolusjon. Sjølv om Sovjet-økonomien har sine særeigne kjenneteikn samanlikna med kapitalismen i Vesten i dag, er kjernen den same, fordi begge er kapitalistiske utbyttingssystem. Det nye borgerskapet har tatt makta over produksjonsmidla og i staten, og utgjer ein herskande klasse som utbytter og undertrykker arbeidarklassen og folket.
Kapitalen i Sovjet er sterkare konsentrert enn i noko anna imperialistisk land og er direkte kontrollert av den gruppa som herskar over regjeringa og militærapparatet. Statsmakta har mange felles drag med Hitlerdiktaturet. Dette gjer det lettare for Sovjet enn for alle andre imperialistiske land å ruste kraftig opp og starte krigseventyr uten å møte mykje open motstand innanlands.
Mesteparten av den tidlegare sosialistiske leiren er blitt eit system av nykoloniar under Sovjetimperialismen."