Softox har ivertfall sikret seg mer-produksjon, så noe tenker jeg er på gang.
REF: Setesdølen avisen 28.12.2020
Leveranse til desinfeksjon med vatn
Vassfabrikken på Austad, Ose Water, har i desse dagar fått avtale med det børsnoterte selskapet Soft Ox Solutions som lagar desinfeksjonsmiddel basert på vatn i staden for på alkohol.

Publisert: 28.12.2020 12:45Sist oppdatert: 05.01.2021 09:59
–Ose Water har vist seg å vere ei svært kompetent bedrift, med teknologisk innsikt og moderne tappeutstyr. Dagleg leiar Bergtor Haugå og hans team har vist ei heilt unik gjennomføringsevne – det var akkurat dette me leita etter, seier Geir Almås som er toppsjef og ein av gründerane i SoftOx.
SoftOx Solutions AS er eit norsk medtech-selskap med base i Oslo.
Godt tilrettelagt
I tillegg til dei tekniske og faglege ferdighetene, fortel Almås at produksjonslokala og kvalitetssystemet hos Ose Water er svært godt tilrettelagt for den type hygienisk produksjon som SoftOx er avhengig av.
Alkoholfri desinfisering
-SoftOx sine produkt krev spesialtilpassa maskinar. Setesdals-bedrifta måtte derfor designe, konstruere og bygge om produksjonslinja for å kunne tappe det nye produktet. Dette har dei klart på rekordtid, seier ein svært godt nøgd Geir Almås.
Innsatsen har altså resultert i kontrakt for tapping av en ny type alkoholfritt og hudvennlig desinfeksjonsmiddel, utviklet og produsert i Norge.
Det at vi også får en så stor produksjonskapasitet på desinfeksjonsmidler er veldig viktig med tanke på å styrke den nasjonale beredskapen på dette feltet. Vi husker alle hvordan Norge var i ferd med å gå tom for smittevernutstyr da grensene stengte våren 2020.
Alkoholfritt
Innsatsen har altså resultert i kontrakt om å tappe ein ny type alkoholfritt og hudvennlig desinfeksjonsmiddel, utvikla og produsert her i landet.
–Dette er spennande for oss. Me blir heilt sentrale i å tappe eit heilt nyskapande produkt med stort potensial, seier Siri Lande som er styreleder i Ose Water.
Den nye avtalen vil ikkje gå ut over anna vassproduksjon ved fabrikken. På flaskevatn vil selskapet framleis dekke etterspurnaden.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Bergtor har sjølv designa ombygginga som har vore nødvendig, med skreddarsydde komponentar, slik at produksjonslinja nå kan brukast på ei rekke produktkategoriar – og Ose Water får endå fleire bein å stå på. Dette har vore svært teknisk krevjande, men innsatsen kan vise seg å vere fremtidsretta med tanke på å utvikle ein levedyktig fabrikk på Ose, seier hun.
Fikk tillit
–For SoftOx er dette ein viktig avtale – og me er trygge på at Ose Water var den rette samarbeidspartnaren for oss, sier Geir Almås.
–Dette er inga enkel oppgåve. Difor var me heilt avhengige av å finne ei løysing der kombinasjonen av teknologi og menneske passa saman. Gjennom ein lengre introduksjonsprosess har me blitt imponerte over grundigheten og kompetansen som finst i Ose Water, sier han.
Verdsmarknaden
Den norskutvikla SoftOx-teknologien har gitt grunnlag for eit hudvennlig alternativ. Det unike er at produktet ikkje baserer seg på alkohol, noko som gir mange fordelar. Dei nye retningslinjene frå WHO til smittevern og desinfisering har auka behovet for alternativ som ikkje tørkar ut eller skadar huda. WHO anbefaler nå medlemslanda å ta i bruk alternativ som ikkje inneheld alkohol, fordi det vil gjere at fleire følgjer standardane for desinfeksjon. Dette er særleg aktuelt for personar med skada eller sår hud, heiter det.
Brei støtte
Den nye avtalen er også spennande med tanke på lokal næringsutvikling. Både Ose Water og SoftOx har hatt god nytte av ulike ordninger, bl.a. frå Forskningsrådet, Innovasjon Norge, Setesdal Interkommunalt politisk råd og Bygland kommune
–Me håper dette kan synleggjere at det nyttar med aktiv næringsutvikling. Kanskje kan denne avtalen bidra til å vise kor viktig det er at verkemiddelapparatet vågar å satse på nyskaping – også i distrikts-Noreg, seier Siri Lande.